Paviljongen er opna i jubileumsåret
- paviljongen-au
- 23. aug. 2025
- 1 min lesing
2025 - 20 år etter oppstart, er eit år å merke seg i Kunsthuset Austrheim si historie. Laurdag 23.august hadde me stor opningsdag i Paviljongen, med meir enn 50 besøkande. Fleire kunstnarar fekk bileta og handverksprodukta sine selde og stemninga var god. Vi hadde laga til kaffi og heimelaga kaker, og det såg ut til at dette fall i smak. Stor takk til Elisabeth frå Kunstskulen som heldt ein strålande TALE for DAGEN, og til dei to musikkelevane, Emma og Urte som sang og spelte saxofon. Me stod som fjetra og høyrde på dei flotte ungdomane.
her er nokre stemningsbileter:







Kommentarer