top of page

Om oss

Styreleiar:  Olaug Marie Sætre        99 58 37 63

Kasserar :  Anne Grete Breisnes     97 51 12 08

Skrivar.   :   Laila Indrebø                  90 11 15 58

_______________________________

Vara        :   Siri Kaland

Vara        :   Eli Sofie Pedersen

​

Revisor   :  Mariann Olstad

​

  • Epost: paviljongen-au@outlook.com

  • ​Organisasjonsnr: 915 130 240

  • Kontonr: 3637.25.60716

  • Besøks adresse: Åråsvågen 3 ,
    5943 AUSTRHEIM

  • Fakturaadr: c/o Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 AUSTRHEIM​

KUNSTHUSET AUSTRHEIM

feirar 20 -års jubileum i  2025.

I 2005 vart gamle kommunehuset teke i bruk som atelier for kunstnarar. Dette vart snart svært populert og i 2012 vart  Kunsthuset Austrheim etablert som forening, av Tove Veidung og Anne Jakobsen. 

 

Dette året tel me 19 medlemar, men me har plass til langt fleire. I tillegg til medlemane er der 10-12 brukarar av vevstova.  Fem medlemmer har verkstad / lokale i huset, resten har utstillingsplass og er aktive deltakarar i fellesskapet.

 

Av aktivitetar kan ein nemne at me jevnt og trutt  har hatt separatutstillingar frå eigne medlemar, stått for gjestutstilling av kunstnarar frå andre regionar, arrangert fagkveldar og sosiale samvær.

 

Me har vore aktive i høve skule og tebod til både unge og vaksne i form av kurs og tilrettelagt vegleing. Bl.a. med flyktningar. Mange påmeldte grupper har besøkt spesielt vevstova, med foredrag og omvisning av Anne Grete Breisnes;  som  Nordhordland Husflidslag, Voss Husflidslag, Vestlandske Folkekunstlag m.fl. Kunsthuset Austrheim har vore vertskap for «Haustutstillinga»  stoppeplass på «Kunstrunden» i Nordhordland i fleire år. 

Tove Veidung var initiativtakar og pådrivar for bygging av «bruskulptur» utanfor kommunehuset.
Me var arrangør av «kunstvandring» frå kyrkja til Kunsthuset, der skulpturar var utplasserte langs løypa.  Og gennom åra er det vorte mange kulturarrangement, konsertar og føredrag på kveldstid med gjesteunderhaldarar, Stand-up komikarar og andre skrønemakarar.

Styret

© 2025 av Kunsthuset Austrheim. Powered and secured by Wix

  • Instagram
  • facebook-square
bottom of page